Kort fortalt

Klarer seg i åtte veker utan mat

Laksen tilpassar seg etter forholda.

NPK
26.08.2021

Ferske studiar viser at laks kan klare seg i periodar på så mykje som åtte veker utan mat, utan at det fører til dårlegare velferd.

Forskarar ved Havforskingsinstituttet har i tre ulike studiar undersøkt kva effekt opphald i fôring har på velferda til oppdrettslaksen.

Resultata viser at laksen er fleksibel og tilpassar seg godt til periodar på opptil åtte veker utan tilgang på fôr, skriv Havforskingsinstituttet på sine nettsider.

– Samanfatta viser studiane våre at oppdrettslaks har fleksibilitet til å tilpasse både vekst og appetitt etter forholda, seier seniorforskar Lars Helge Stien.

Publisert: 26.08.2021 03:42

Sist oppdatert: 26.08.2021 03:44

Mer om