Klarsignal for Statens Hus
Bjørn Dæhli-selskap investerer på Nordfjordeid.
- Bygginga av Statens hus på Nordfjordeid er eit gjennomslag for at statlege aktørar kan utvikle tenestene og fagmiljøa sine med utgangspunkt i Nordfjord. Alt treng ikkje vere samla i dei store byane, seier ordførar Sigurd Reksnes i Stad kommune i ei pressemelding.
Det er Bjørn Dæhli sitt selskap Sisa Invest som skal bygge og leige ut bygget.
Det skal romme politistasjon, Nav-kontor og kontor for skatteetaten. I tillegg skal der blant anna vere kontorplass for tilsette i stat og fylkeskommune, som kan ha Nordfjordeid som fast eller mellombels arbeidsplass sjølv om den statlege eller fylkeskommunale verksemda dei er tilsett i er lokalisert andre stadar.
- Det er veldig viktig for våre områder at vi har ein variert arbeidsmarknad slik at vi er attraktive for tilflytting. Statens hus på Nordfjordeid vil bidra til å byggje sterke kompetansemiljø innan offentleg forvaltning i Nordfjord. No kan fleire med høg utdanning og kompetanse finne gode moglegheiter i regionen vår, seier Reknes i pressemeldinga.
Publisert: 12.01.2024 10:41
Sist oppdatert: 12.01.2024 10:41