Kort fortalt

Klart for meir havvind

Regjeringa vil opne Utsira Nord.

18.06.2019
NPK-NTB; Olje- og energidepartementet sender om kort tid ut eit forslag om å opne området Utsira Nord utanfor kysten av Rogaland for søknader om vindkraft til havs.
Forslaget vil bli sendt på høyring «før sommaren». I tillegg vil det bli bedt om innspel til området Sørlege Nordsjø IIl, ifølgje ei pressemelding frå departementet tysdag.
– Utsira Nord eignar seg for flytande vindkraft, som er den teknologien det knyter seg mest forventning til, seier olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp).
– Eg vil òg be om innspel på om vi bør opne området Sørlege Nordsjø II, som ligg nær territorialgrensa Mot Danmark og derfor kan eigne seg for tilknyting til energisystemet på kontinentet, seier han.
Freiberg strekar under at vindkraft til havs byr på store moglegheiter for norske bedrifter.
– Noreg kan byggje på unik erfaring frå olje- og gassnæringa, skipsfart, verftsindustri og fornybar energi. Kostnadene for vindkraft har falle mykje, og det er sannsynleg at dei vil falle ytterlegare, seier statsråden.
Samtidig streka Freiberg overfor NTB i april under at havvind aldri kan konkurrere med mykje billegare fornybar energi på land i Noreg, som vind- og vasskraft. Og ifølgje ministeren vil ei eventuell utbygging skje utan subsidiar.
– Kostnadene ved å byggje ut havvind er ein heilt annan samanlikna med å byggje ut vindkraft på land, sa han.

Publisert: 18.06.2019 16:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34