NPK: No byrjar arbeidet med eit nytt verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta på Sandane i Nordfjord.
Då fristen for å legge inn anbod på å bygge den nye heimen til det historiske fartøyet gjekk ut 24. august, låg det forslag frå tre entreprenørar i «innboksen», skriv Musea i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.
– Det blir bygging. Anboda er innanfor det vi har kalkulert med. Så vil forhandlingane med tilbydaren avgjere korleis dette blir til slutt, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane til Firda.
Så snart ei avtale med ein av tilbydarane er klar, vil arbeidet gå i gang. Med ei byggjetid på elleve månader, er ambisjonen ei ferdigstilling av bygget seinsommar eller haust 2024.
Publisert: 28.08.2023 13:32
Sist oppdatert: 28.08.2023 13:32