Green yard kleven lekter ffs marine foto green yard kleven
MEIR JOBB: Lekteren skal byggjast om og avlusingsanlegget skal bli fjerna og resirkulert ved verftet i Ulstein. Foto: Green Yard Kleven
Kort fortalt

Kleven skal bygge om lekter

Nytt oppdrag for Green Yard-verftet.

Marius Rosbach
03.11.2023

Green Yard Kleven har fått oppdraget med å bygge om ein 32 meter lang lekter og demobilisere eit avlusaranlegg om bord.

Det opplyser verftet i ei melding på sosiale media fredag.

Oppdraget gir arbeid til fem-seks tilsette fram mot årsskiftet, fortel salssjef for ombygging, Karl Johan Barstad til NETT NO.

Det er FFS Marine som eig lekteren som skal byggjast om til å mellom anna ta oppdrag innan anleggsbransjen.

Publisert: 03.11.2023 15:49

Sist oppdatert: 03.11.2023 15:53

Mer om