Norinsect klimasnupris Else May Norderhus Harald Larsen Espeland foto Per Kristian Bratteng møre og romsdal fylkeskommune
FEKK PRIS: Statsforvaltar Else-May Norderhus delte ut prisen til dagleg leiar ved Norinsect, Harald Larsen Espeland. Foto Per Kristian Bratteng/Møre og Romsdal fylkeskommune
Kort fortalt

Klimapris til Stordal-firma

Larveprodusenten Norinsect blei heidra.

Marius Rosbach
05.01.2024

Bedrifta Norinsect i Stordal vann Klimasnuprisen for 2023, ifølgje ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Prisen blir delt ut av Statsforvaltaren og motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal.

Norinsect brukar avfall frå matproduksjon på Stranda til å produsere mjølbillelarver som går til fôr til laks og kylling.

– I år var ikkje juryen i tvil. Vinnaren produserer berekraftig mat til dyr. I verda veks behovet for føde, for protein. Norinsect produserer dette samstundes som dei sett eit svært svakt klimafotavtrykk, seier statsforvaltar Else-May Norderhus som leia juryen.

Publisert: 05.01.2024 13:26

Sist oppdatert: 05.01.2024 13:26

Mer om