Kort fortalt

Klippfisk frå Jangaard i Guinness

Rekordfisk skal kontrollvegast.

NPK
09.02.2022
(NPK): Representantar frå Guinness rekordbok er denne veka i Portugal for å kontrollvege det som skal vere den største klippfisken i verda, ein 36 kilos torsk frå klippfiskprodusenten Jangaard, som veg 12,6 kilo som ferdig produkt.


– Fisken vart levert i Stamsund, der han vart sløgd og salta for så å bli send til fabrikken vår i Ålesund for tørking fram til klippfisk. Det vart nokre ekstra rundar i tørka for å få denne store fisken klar, seier marknadsansvarleg Leif Haagensen i Jangaard AS til avisa Fiskaren.

Haagensen forsikrar at fisken er innanfor den portugisiske standarden for klippfisk med eit vassinnhald under 47 prosent og eit saltinnhald under 16 prosent.

Fisken vart teken i fjor vinter og vart då premiert som «kaffitorsk» i Lofotposten. Avisa deler ut ein kilo kaffi til alle som melder inn torsk på over 30 kilo.

Rekordstuntet gir Jansgaard og norsk klippfisk god mediedekning i Portugal, der norsk klippfisk har ein solid posisjon. Portugisarane et rundt 70.000 tonn klippfisk i året.

(©NPK)

Publisert: 09.02.2022 10:11

Sist oppdatert: 09.02.2022 10:13

Mer om