Kort fortalt

Kommunar får ikkje vindkraft-veto

Stortinget sa nei til vetoforslaget.

26.06.2019
NPK: Stortinget har røysta ned forslaget frå Senterpartiet og Dei Grøne om at kommunar skal ha vetorett mot vindkraft.
Forslaget var at vindkraftkonsesjon ikkje kan bli gitt i strid med kommunestyrevedtak. Det vart røysta ned med 82 mot 12 røyster. Berre representantar frå Raudt og Senterpartiet røysta for, fortel .
Partia Høgre, Frp, KrF, Venstre og Arbeidarpartiet meiner at det i dag ikkje er nokon døme på at staten har gripe inn og gitt konsesjon mot kommunen si vilje. Dei skriv i merknadar til vedtaket at dei ynskjer at kommunen sitt vedtak skal ha stor vekt i konsesjonsprosessar.
Stortingsrepresentant for Senterpartiet Sandra Borch, seier til e24.no at partiet vil halde trykket oppe i denne saka, og håper etter kvart på brei politisk støtte.
– Dette er ein viktig sak for mange kommunar, og eg skulle ynskje vi kunne seie til kommunane at det var opp til dei om dei vil ha vindkraft eller ikkje, seier Borch til nettavisa.

Publisert: 26.06.2019 10:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33