Kort fortalt

Kommunedirektør drapstruga

Har bede tilsette i helsetenesta om å vaksinere seg.

12.12.2021

Kommunedirektør Trond Arne Aglen i Herøy er drapstruga. No vert trugsmåla melde til politiet, skriv Vestlandsnytt.

Aglen har kritisert at så mange i helse- og omsorgssektoren ikkje har tatt imot koronavaksine. Dette har vore omtala i både lokale og nasjonale media.

Vestlandsnytt gjengir meldinga Aglen fekk frå ein namngjeven person på Messenger.

«Du skal være jævlig glad den dagen du ligger syk og innlagt, og det er uvaksinert helsepersonell som tar vare på deg. Viss du fortsetter å spre vaksinepropaganda i sosiale medier, så kommer du til å bli drept. Det er en advarsel».

Kommunedirektør Trond Arne Aglen, som har lang fartstid i politiet, seier til Vedstlandsnytt at han tek drapstrusselen med fatning. Han er likevel bekymra over at personar kan få seg til å framsette slike truslar.

- Slike ytringar går over grensene for ytringsfridomen. Eg møter ikkje truslar med å vere taus. Det første eg gjer når eg kjem på jobb måndag, er å melde saka til politiet.

Publisert: 12.12.2021 18:02

Sist oppdatert: 12.12.2021 18:08

Mer om