Kort fortalt

Kommunelege vil stenge Herøy-skule

Borga i Fosnavåg stengt frå og med 18. juni.

07.06.2021

I eit brev til føresette skriv rektor Marit Lillestøl ved Bergsøy skule at etter tilsyn og faglege vurderingar rår kommunelegen å stenge Bergsøy skule, avdeling Borga, etter årets skuleslutt 18. juni.

Dette vert opplyst på diskusjonsforumet Herøy kommune, politikk og samfunn på Facebook.

Bakgrunnen er at kommunelegen meiner at inneklimaet på skulen er ein risiko både for elevar og tilsette si helse og arbeidsmiljø. Hovudbygget tilfredsstiller heller ikkje krava til universell utforming.

Kommunedirektøren vil orientere formannskapet 8. juni, og saka kjem deretter opp i kommunestyret 15. juni.

Publisert: 07.06.2021 11:01

Sist oppdatert: 07.06.2021 11:07

Mer om