Kort fortalt

Kompetanseflukt i Vegvesenet

Vegdirektøren er uroleg.

16.10.2019
Frå nyttår overtar fylkeskommunane ansvaret for 44.639 kilometer fylkesvegar, samtidig som 10 prosent av Vegvesenets tilsette har slutta i år.
I mai melde NTB at usikkerheit om organisering og lokalisering i Statens vegvesen hadde ført til at unormalt mange har slutta i jobben, og at Vegdirektoratet frykta kompetansetap. Då hadde 221 personar slutta i fast stilling på fem månader.
No melder VG at rundt 600 tilsette i faste stillingar har slutta i Statens vegvesen hittil i år, av totalt 6.800 tilsette ved inngangen av året.
Vegdirektøren seier til avisa at ein utskifting av dei tilsette på nærare 10 prosent gjer situasjonen kritisk og risikoen høg.
– Det som er kritisk, er at vi innanfor enkelte fagområde, i enkelte geografiske område, manglar den kompetansen som både vi og fylkeskommunen treng vidare, seier konstituert vegdirektør Bjørne Grimsrud.
Frå 1. januar skal fylkeskommunen ha ansvar for fylkesvegane, nesten 45.000 kilometer med veg, medan riksvegnettet på nesten 11.000 kilometer, er staten sitt ansvar.
1.850 av 6.800 tilsette i Statens vegvesen blir overført til fylkeskommunane. Det er opp til fylkeskommunane å bestemme kvar desse kontora skal ligge. Mykje av denne usikkerheita skal ha medverka til at folk sluttar, men det er òg rundt 30 prosent av dei som har slutta, som har gått av med pensjon.

Publisert: 16.10.2019 08:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32