Kong Harald dronning Sonja foto Slottet 11
KOM SJØVEGEN: Kongeparet er på tida på fylkesbesøk til Møre og Romsdal til mellom anna Fjord og Sykkylven. Foto: Slottet
Kort fortalt

Kongen roste handlekrafta i regionen

Trekte fram møbelindustrien og Innovern som inspirasjon.

Marius Rosbach
30.08.2022

Under kongeparets besøk i Sykkylven tysdag sette Kong Harald fokus på handlekrafta i regionen.

Han trekte fram møbelindustrien og den nye smittevernfabrikken Innovern som eksempel på innovasjon og industribygging, og meinte regionen baud på inspirasjon til å ikkje gi seg i møte med motgang.

– I disse urolege tider treng vi det sunnmørske pågangsmotet, handlekraften og optimismen. Med klimatruslar, krig i Europa og stor bekymring kan det vere lett å sjå mørkt på framtida, sa Kong Harald ifølgje NRK i sin tale då han takka for besøket.

Sjå bilde frå turen (ekstern lenke)

Publisert: 30.08.2022 19:38

Sist oppdatert: 30.08.2022 19:57

Mer om