Kort fortalt

Kongsberg-kontrakt til USA-skip

Skal byggast på Aker-verft.

30.04.2024

Kongsberg Maritime skal lever ein pakke skipsteknologi, inkludert hybrid elektrosystem og energistyringssystem, til tre containerskip. Det melder selskapet i ei pressemelding. Verdien av kontrakten er ikkje opplyst.

Det er det amerikanske reiarlaget Matson Navigation Company som skal ha dei LNG-driven skipa, som skal frakte varer mellom Kina og USA.

Fartøya skal byggast på Philly Shipyard i USA. Verftet har Aker-konsernet som største eigar.

Publisert: 30.04.2024 16:17

Sist oppdatert: 30.04.2024 16:17