Kort fortalt
Konkurs for bensinstasjon
Slutt for Måløy-selskap.
Marius Rosbach
15.11.2023
Sogn og Fjordane tingrett har opna konkurs i Måløy Servicesenter As.
Selskapet blei starta opp i 2010, og har tidlegare drive bensinstasjon på Deknepollen, som er overteke av YX.
Ifølgje det siste tilgjengelege rekneskapen frå 2022, hadde selskapet negativ eigenkapital, og ei udekka gjeld på nær 2,7 millionar ved utløpet av året.
Bustyrar i saka er Endre Rutledal og første skiftesamling er planlagt 15. desember.
Publisert: 15.11.2023 16:17
Sist oppdatert: 15.11.2023 16:17