Kort fortalt

Konkurs for investeringsselskap

Ørsta-selskap over ende.

Marius Rosbach
30.08.2023

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Agri Invest Holding.

Ørsta-firmaet var eit investeringsselskap som blei starta i 2019. Det har involvert i eit innkjøpssamarbeid for landbruket som vart lansert same år.

Det har vore lite aktivitet og knapt vore inntekt i selskapet.

Bakgrunnen for konkursen var skuldig moms og tvangsmulkt på drygt 200.000 kroner. Skuldnaren ønska å få sletta selskapet frå momsregisteret med tilbakevendande kraft, men har fått avslag på dette, ifølgje rettspapira.

Tingretten opna difor konkurs og Linda Brevik vart oppnemnt som bustyrar. Første skiftesamling er 17. oktober.

Publisert: 30.08.2023 14:57

Sist oppdatert: 30.08.2023 14:57

Mer om