Sunnmøre tingrett har fredag opna konkurs i firmaet LH-Bygg, som inntil få veker sidan gjekk under namnet Lampholmen Bygg.
Tingretten fekk opplyst at selskapet har ei gjeld på nær 1,6 millionar og verdiar for kring 16.000 kroner. Verksemda er innstilt og det var ingen tilsette i selskapet på konkurstidspunktet.
Christian Garmann er bustyrar i saka og første skiftesamling er planlagt 11. august.
Det konkursråka selskapet har hatt beskjeden verksemd, men er dotterselskap til Lampholmen AS. Morselskapet driv med bustadutvikling og omsette i 2023 for nær 66 millionar.
Publisert: 27.06.2025 17:25
Sist oppdatert: 27.06.2025 17:25






