Kort fortalt

Konkurs for opplæringsbedrift

Eigenkapitalen også tapt i morselskapet.

Marius Rosbach
05.07.2022

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Maritime Kompetanse Sør-Vest.

Ifølgje det siste offentlege rekneskapen har ikkje firmaet tilsette og ingen frå selskapet møtte til rettsmøtet måndag.

Ålesund-firmaet som har dreve opplæring, hadde eit krav mot seg frå skatteetaten på kring 184.000 kroner som det ikkje kunne betale. Ved ein utleggsforretning tidlegare i år var det ikkje mogleg å stille tilstrekkeleg verdi for kravet, ifølgje rettspapira.

Inntektene til firmaet var størst i 2016 med nær 2,9 millionar. Sidan har det gått nedover, og i 2020 var omsetninga nede i 1,2 millionar. Det året enda også med underskot og eigenkapitalen var tapt.

Det konkursråka selskapet er heleigd av Maritim Kompetanse Norge.

I årsberetninga frå morselskapet i 2020, påpeiker leiinga at det er usikkerheit kring vidare drift. Gjelda var då betydeleg høgare enn eigedelane og det var krevjande å dekke løpande kostnader.

Erling Flisnes er bustyrar i konkurssaka og første skiftesamling er 22. august.

Publisert: 05.07.2022 18:25

Sist oppdatert: 05.07.2022 18:45

Mer om