Kort fortalt

Konkurs for pizza-restaurant

Melder oppbod etter tre år i minus

Marius Rosbach
30.06.2022

Selskapet Ulstein Pizza har meldt oppbod med ei gjeld på knappe 120.000 kroner, ifølgje rettspapira frå Møre og Romsdal tingrett.

Verdien i firmaet er anslått å vere kring 20.000, og verksemda er innstilt.

Ulstein Pizza har hatt utsal i sentrum av Ulsteinvik sidan 2019. Alle dei tre rekneskapsåra sidan viser små minusresultat, etter ei omsetning på mellom 500.000 og 680.000 kroner.

Bustyrar i saka er Linda Brevik og første skiftesamling er 22. august.

Publisert: 30.06.2022 09:28

Sist oppdatert: 30.06.2022 09:30

Mer om