Kort fortalt

Konkurs for skjønnhetspleie

Eigenkapitalen tapt.

Marius Rosbach
14.12.2022

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Studio T.R.E.

Vestnes-firmaet som blei starta i 2018, har dreve salong for skjønnhetspleie med adresse på Helland.

Selskapet hadde inntekter på nær ein halv million kroner i 2019 og 2020, men begge åra enda med underskot. Eigenkapitalen var tapt ved utløpet av 2020, og det er ikkje levert rekneskap for i fjor.

Anne Reistad er bustyrar for konkursen og første skiftesamling er planlagt 31. januar neste år.

Publisert: 14.12.2022 10:29

Sist oppdatert: 14.12.2022 10:29

Mer om