Konkurs for Willy’s i Stryn
Sushi-utsal er stengt for godt.
Selskapet som har stått bak drifta av Willy’s Gurmet i Stryn er konkurs. Det er klart etter at leiinga har meldt oppbod til Sogn og Fjordane tingrett.
Selskapet blei starta tidlegare i år, og skifta namn til Jalmar As kort tid før konkursen.
Gjelda i selskapet er på knappe 800.000 kroner og verdiane er vurdert til null. Verksemda som hadde to tilsette, er innstilt og det skal ikkje ha vore drift ved sushi-utsalet på ei tid.
Innehavar Willy Solvang står også bak enkeltpersonføretaket som driv Willy’s Gourmet i Ulsteinvik. I utgangspunktet får ikkje konkursen i aksjeselskapet i Stryn konsekvensar for Ulstein-selskapet.
Bustyrar Thore Heggen hadde fredag ikkje vore i kontakt med eigaren av Stryn-selskapet. Første skiftesamling i saka er planlagt 1. september.
Publisert: 28.07.2023 09:35
Sist oppdatert: 28.07.2023 09:35