Kort fortalt

Konkurs for Ålesund-butikk

Melder oppbod etter drygt to år.

Marius Rosbach
24.04.2025

Møre og Romsdal tingrett har torsdag opna konkurs i selskapet Cidra As. 

Styret melde sjølv oppbod og har opplyst om ei gjeld på nær 290.000 kroner. Selskapet skal ikkje ha verdiar, verksemda er innstil og den eine tilsette er oppsagt.

Selskapet som har drive daglegvarehandel i Kirkegata i Ålesund, blei starta opp for drygt to år sidan. 

I 2023 omsette selskapet for nær ein million kroner og fekk eit lite overskot før skatt. 

Bustyrar i saka er Camilla Solbakken og første skiftesamling er planlagt 2. juni. 

Publisert: 24.04.2025 14:16

Sist oppdatert: 24.04.2025 14:16

Mer om