Konkurs i avfallsselskap
Melde oppbod etter fem år.
Møre og Romsdal tingrett har opna konkursbehandling i selskapet Avant-Garde Solutions med adresse i Ålesund.
Eigaren forklarte tingretten at verksemda er innstil og at det ikkje er tilsette i firmaet. Gjelda er opplyst å vere på drygt 150.000 kroner og verdiane på drygt 130.000 kroner, ifølgje avgjerda i tingretten.
Selskapet er registrert som et konsulentselskap og hadde adresse i Oslo fram til januar i år. Ifølgje heimesida har selskapet hatt som mål å vere ein leiande aktør innan avfallshandtering som bidreg til ein sirkulær økonomi.
Etter lite inntekter dei første åra etter oppstarten i 2016, omsette selskapet for 3,5 millionar i 2019. I fjor stupte inntektene til under millionen og rekneskapen for 2020 gjekk i minus.
Publisert: 28.06.2021 12:12
Sist oppdatert: 28.06.2021 12:14