Kort fortalt
Konkurskrav på 50 millionar
Omfattande bubehandling etter byggefirma.
Marius Rosbach
09.02.2023
Bustyrar Leif Petter Madsen har fått inn krav på kring 50 millionar kroner etter konkursen i selskapet Inno-entreprenør, ifølgje Sunnmørsposten.
Selskapet bygde hus med prefabrikkerte element frå Litauen før dei gjekk konkurs hausten 2021.
Bubehandlinga er framleis ikkje ferdig, og Madsen opplyser til avisa at dei ventar på utbetalingar frå lønnsgarantifondet.
Firmaet var registrert i Oslo, men verksemda hadde tilhald i Ålesund. Byggeprosjekt i Trøndelag blei ramma av konkursen og dei tilsette kom frå Litauen.
Publisert: 09.02.2023 15:34
Sist oppdatert: 09.02.2023 15:35