Kort fortalt

Kontraktsforlengelse for Havila Shipping-fartøy

Havila Shipping inngår avtalar om fortsett utleige av supplyskip

Linn Antonie Vårdal Solheim
20.06.2023

I ei børsmelding tysdag morgon kunngjer Havila Shipping ASA at dei har kome til einigheit med Equinor Energy AS om kontraktsforlengelse for supplyfartøyet Havila Clipper.

Det er snakk om ei utviding av ei eksisterande kontrakt, og forlengelsen varer til juni 2024, med ein opsjon på forlenging av kontraktsposisjonen til desember 2024.

Selskapet melder og om yttarlegare to opsjonsperiodar for supplyfartøyet Havila Borg, i ein avtale med det nederlandske selskapet Peterson Den Helder BV.

Det er snakk om to moglege utvidingar av kontraktsposisjonen, og opsjonane gjeld i tidsrommet frå april 2024 til april 2026.

Publisert: 20.06.2023 11:34

Sist oppdatert: 20.06.2023 11:34