Kort fortalt

Kornprisen kan bli tredobla

Krigen i Ukraina kan føre til kraftig prisauke på korn.

NPK
23.03.2022

Det gir hopp i matvareprisane. Det kan bli snakk om ei tredobling av kornprisane, meiner økonom Ivar Pettersen.

Både Russland og Ukraina er blant dei største kveiteprodusentane i verda, og krigen har ført til uro på verdsmarknaden. Fleire land har innført eksportforbod.

– Lat oss seie at prisen internasjonalt aukar til 10 kroner per kilo. Då får vi ei tredobling av norske prisar, og det vil koste 3–4 kroner meir å produsere eit brød med 500 gram kveitemjøl. Så kan det forsterkast viss marginane framleis skal vere like store. Det kan bli ein 10–15 prosent auke ut til forbrukar, seier Pettersen, som er tidlegare forskar i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio), til Nationen.

Han åtvarar mot at eksportavgrensingar og subsidiar kan bidra til at matvareprisane aukar meir enn dei elles ville gjort.

– Dei fleste økonomar er nok einige i at den beste kuren mot høge prisar er høge prisar, men det er vanskeleg for politikarane å la den linja verke heilt ut. Det gjeld både i for eksempel USA og i autoritære regime som Russland og Kina. Under finanskrisa i 2009 kom det også reaksjonar i ein del land som gjorde at prisauken vart større enn den hadde trengt å bli, seier han til avisa.

MDG og Venstre har bedt regjeringa gi norske bønder ein skriftleg garanti for at dei ikkje vil tape pengar på å dyrke matkorn som følgje av Ukraina-krigen.

Publisert: 23.03.2022 11:37

Sist oppdatert: 23.03.2022 11:38

Mer om