Kort fortalt

Kortreist og norsk på sokkelen

Equinor satsar på norsk mat.

NPK
09.02.2022

Maten på oljeplattformene til Equinor har vore henta frå heile verda, men skal no bli meir kortreist og norsk.

Fagforbundet SAFE presenterte den nye, berekraftige matstrategien for styret i Equinor førre veke.

Equinor ønskjer å redusere CO2-avtrykket der dei kan, og eitt slikt område er maten. No skal det satsast på innkjøp og bruk av fleire råvarer frå Noreg, medan ein del av det raude kjøttet skal erstattast av plantebasert og kvitt kjøtt som fisk, kylling, svin og vilt. Det er også eit mål å støtte det norske landbruket.

– Det folk vil sjå ute i havet no, er ein meny som reflekterer Equinors berekraftsstrategi, seier forpleiingsdirektør Kjersti H. Torgersen i Equinor. Ho seier det framleis kjem til å vere ein del importert mat på sokkelen, men at kursen er klar.

– Strategien vår er å sjå korleis vi etter kvart no kan bidra i den retninga med å gjere små grep kvart år som forhåpentleg blir veldig bra for dei som et ute på sokkelen, seier Torgersen.

Det var dei hovudtillitsvalde kokkane Trond Cato Fylling og Roger Fimland Maurstad som tok initiativet til matsatsinga, og som no har fått både fagforeiningsfellane og Equinor-leiinga med på notane.

Publisert: 09.02.2022 16:07

Sist oppdatert: 09.02.2022 16:08

Mer om