Kort fortalt

Kraftig auke i aksjefondsparing

Dobling på fem år.

NPK
29.10.2024

(NPK): Om lag 60 prosent av vaksne nordmenn sparar i aksjefond. For fem år sidan låg talet på 36 prosent.

– Det er kjekt å sjå at det er sparinga til dei mellom 25 og 39 år som har auka mest, seier privatøkonom i Sparebanken Sør, Kenneth Sjåvåg, i ei pressemelding frå Frende Forsikring.

Tal frå Verdipapirfondenes forening viser at aldersgruppa 25–39 år har auka talet på spareavtaler med 15 prosent det siste året.

Av dei 1,7 millionar spareavtalane i verdipapirfond, eig den nemnde aldersgruppa meir enn 560.000 av desse.

(©NPK)

Publisert: 29.10.2024 09:39

Sist oppdatert: 29.10.2024 09:39

Mer om