Kort fortalt

Kraftig auke i lakseeksporten til Kina

Opp 78 prosent hittil i år.

21.05.2019
NPK: Fram til no i år har eksporten av norsk laks til Kina gått opp med 78 prosent i verdi samanlikna med same periode i fjor.
Basert på tal så langt i år, er det eksportert 8.788 tonn fersk heil laks til ein verdi av 609 millionar kroner til Kina, informerer Noregs sjømatråd til .
Det gjer fersk laks til det største sjømatproduktet frå Noreg til Kina så langt i år.
Tal frå Sjømatrådet viser at Kina er Noregs 14. største laksemarknad, det vil seie for alle kategoriar laks, målt i verdi.
I 2018 selde Noreg laks for 825 millionar kroner. Det er ein eksportverdi som Norge kan komme til å ta igjen på halvparten så lang tid i år, melder Intrafish.no.
Måndag vart det òg kjent at Kina opphevar utestenginga av oppdrettsselskapa Salmar, Lerøy og Nordlaks frå den kinesiske marknaden.

Publisert: 21.05.2019 11:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34