Kort fortalt

Kraftig fall i hyttesalet

Tilbake på nivået før pandemien.

NPK
15.09.2022

(NPK): Salet av ny fritidsbustader er halvert den siste tolvmånadersperioden. Tala er tilbake på nivået før pandemien.

Den nye statistikken frå Boligprodusentenes Forening viser at salet av nye fritidsbustader hittil i år er 55 prosent under same periode i 2021. Det er selt 4266 nye fritidsbustader i siste tolvmånadersperiode, som er 50 prosent under førre tolvmånadersperiode.

Igangsetting av nye fritidsbustader hittil i år er 3 prosent under same periode i 2021, men i siste tolvmånadersperiode er det sett i gang bygging av 5532 fritidsbustader, som er 11 prosent over førre tolvmånadersperiode.

Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret meiner det ikkje er fare for kollaps i hyttemarknaden sjølv om tala viser kraftige fall.

– Vi er tilbake på same nivå som vi var før pandemien. Toppen i hyttemarknaden er heilt klart passert for denne gong, og vi skal ikkje tilbake dit i åra som kjem. Salet stuper, men byggjeaktiviteten held seg høg endå nokre månader, seier Øye til Dagens Næringsliv.

Han meiner det er naturleg at både hyttesalet og prisane går ned når renta aukar.

– Eit kraftig prisfall i denne marknaden er ikkje truleg før eit større tal no vel å selje på grunn av energiprisar. Men, eit sal av hytta sit nok veldig langt inne for dei fleste hytteeigarar, seier Øye.

(©NPK)

Publisert: 15.09.2022 17:15

Sist oppdatert: 15.09.2022 17:16

Mer om