Kort fortalt
Kraftig hopp for Turistbussen Ålesund
Tilbake til omsetninga frå før pandemien.
03.03.2023
Selskapet Turistbussen Ålesund selde turar for 26,1 millionar kroner i fjor, opp frå 17,4 millionar kroner i 2021. I 2020, under verste pandemiåret, var omsetninga nede på 13,4 millionar kroner for turselskapet. No er ein tilbake på før pandemi-nivå.
Resultatet før skatt enda i 2022 på 2,2 millionar kroner, ei dobling frå året før.
Turistbussen Ålesund sysselset 12 årsverk og sel ei rekke turar i både inn- og utland.
Selskapet har ein eigenkapital på 9,0 millionar kroner og null langsiktig gjeld.
Dagleg leiar Geir Odd Gjerde eig 67 prosent av aksjane, medan Waagan Holding eig 20 prosent og Per Ottar Østrem 13 prosent.
Turistbussen Ålesund | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 26,1 | 17,4 | |
Driftsresultat | 2,2 | 1,1 | |
Resultat før skatt | 2,2 | 1,1 |
Publisert: 03.03.2023 10:22
Sist oppdatert: 03.03.2023 10:44