Kort fortalt

Kraftig hopp i konsumprisindeksen

Auke i matvareprisane dreg opp.

10.08.2018
NPK-NTB: Ein auke på heile 3,6 prosent i matvareprisane trekte konsumprisindeksen opp juli. Indeksen auka med 0,7 prosent frå månaden før.
Tolvmånadersveksten i konsumprisindeksen enda på 3 prosent. Ein oppgang frå 2,6 prosent frå månaden før, viser tal frå Nesten alle matvaregrupper steig i juli, og spesielt kjøtt, mjølk, ost og egg.
– Den kraftige månadsendringa for matvareprisane må bli sett i samanheng med relativt beskjedne prisaukar på matvarer målt i etterkant av påska. Etter påsketilboda i mars og fram til og med juni steig matvareprisane med knapt 1 prosent, opplyser SSB.
– Ser vi på dei siste 12 månadane, har matprisane auka klart mindre enn prisane generelt. Matprisane har halde seg uvanleg låge over tid, og prisjusteringa som kom i juli, var som forventa, seier direktør Ingvill Størksen i Virke daglegvare i ei .
Krona styrkjer seg etter at kjerneinflasjonen (KPI-JAE) steig drastisk i juli, opp til 1,4 prosent frå 1,1 månaden før.
Kjerneinflasjonen er ein viktig faktor for rentefastsettinga frå Noregs Bank, og i dette talet er veksten dei siste tolv månadane justert for avgiftsendringar og energivarer er haldne utanfor.
Krona styrkte seg med rundt tre øre mot dollar og euro etter at dei solide inflasjonstala vart publisert, ifølgje
– Det skal mykje til for å unngå ei renteheving i september, seier sjefanalytikar Erik Bruce i
I tillegg var sommarsalet på klede og skotøy ei viktig årsak til at prisveksten fall frå 7,9 prosent i juni til 6,8 prosent i juli. Ifølgje SSB er nedgangen større enn same periode i fjor.
Prisane på elektrisitet inkludert nettleige fortsette stigninga frå tidlegare, og steig i juli med 6,2 prosent.

Publisert: 10.08.2018 09:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38