Kort fortalt

Kraftig kostnadsauke for bøndene

Ber om ny utrekning.

NPK
04.01.2022

(NPK): Det har vore ein kraftig kostnadsauke for bøndene det siste halvåret. Småbrukarlaget ber om nye tal før dei avgjer om dei skal krevje nye tiltak.

Prisane har auka på alt frå gjødsel og bygningsmateriell til straum, diesel og fleire andre innsatsfaktorar. Småbrukarlaget er uroa, og dei ber i eit brev om at Budsjettnemnda for jordbruket så snart som mogleg legg fram nye tal på kostnadsveksten for landbruket.

– Vi ser at kostnadsveksten er aukande og usikker. Derfor vil vi ha ei skikkeleg utrekning på det. Det er ein svært krevjande situasjon. Eg er redd det kan bli kroken på døra for mange bønder, seier leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff, til Nationen.

Småbrukarlaget viser til prisauken på handelsgjødsel, bygningsmateriell og kapitalslit. Dette var faktorar som var med i dei såkalla tilleggsforhandlingane i haust, som resulterte i ein kompensasjon på 754 millionar til utbetaling i februar.

Småbrukarlaget ber også Budsjettnemnda gjere anslag på den reelle kostnadsauken på elektrisk kraft, gass i veksthus, diesel og plast i 2021, pluss kraftfôr.

(©NPK)

Publisert: 04.01.2022 12:57

Sist oppdatert: 04.01.2022 12:59

Mer om