Kort fortalt

Kraftig reduksjon i handelsoverskotet

Mindre gasseksport er mykje av årsaka.

Marius Rosbach
14.07.2023

(NPK-NTB): I juni 2023 vart det eksportert varer for 137 milliardar kroner, 31 prosent mindre enn same månad i fjor. Reduksjon i gasseksporten er mykje av grunnen.

Handelsoverskotet enda på 44,2 milliardar kroner, noko som er 60 prosent ned frå same månad året før, men ein 7,9 prosent auke frå mai i år.

– Verdien av naturgasseksporten fall med 67,3 prosent mot juni i fjor. Dette kjem primært av at det i fjor var ekstraordinært høge gassprisar. No ser vi at prisen er tilbake på nivået vi såg hausten 2021, seier seksjonssjef Therese Vestre i SSB i ei pressemelding.

Publisert: 14.07.2023 10:29

Sist oppdatert: 14.07.2023 10:29

Mer om