Havfruen
MÅLØY: Fin vekst for restaurant Havfruen, som ligg sentralt i Måløy. Foto: Havfruen Måløy
Kort fortalt

Kraftig vekst for Havfruen Måløy

Måløy-restauranten omsette for over 12 millionar kroner i fjor.

25.05.2023

I 2020 starta Margrethe og Bjørnar Gangsøy opp selskapet Havfruen Måløy, med restauranten på kaikanten i Måløy med same namn. Omsetninga har gått frå 4,1 millionar første året, til 9,6 millionar kroner i 2021 og til 12,8 millionar i fjor.

Selskapet har eigen fiskedisk i restauranten, og disponerer også Sjøhuset der ein har ulike typer arrangement.

I fjor sysselsette selskapet 10 årsverk.

Den samla eigenkapitalen er på 0,4 millionar kroner, og den langsiktige gjelda 0,5 milionar.

Eigaren fordeler eit utbyte på ein million kroner for fjoråret.

Havfruen Måløy
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 12,8 9,6
Driftsresultat 1,7 0,7
Resultat før skatt 1,7 0,7

Publisert: 25.05.2023 09:00

Sist oppdatert: 24.05.2023 23:47

Mer om