I 2020 starta Margrethe og Bjørnar Gangsøy opp selskapet Havfruen Måløy, med restauranten på kaikanten i Måløy med same namn. Omsetninga har gått frå 4,1 millionar første året, til 9,6 millionar kroner i 2021 og til 12,8 millionar i fjor.
Selskapet har eigen fiskedisk i restauranten, og disponerer også Sjøhuset der ein har ulike typer arrangement.
I fjor sysselsette selskapet 10 årsverk.
Den samla eigenkapitalen er på 0,4 millionar kroner, og den langsiktige gjelda 0,5 milionar.
Eigaren fordeler eit utbyte på ein million kroner for fjoråret.
| Havfruen Måløy | |||
| Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
| Driftsinntekter | 12,8 | 9,6 | |
| Driftsresultat | 1,7 | 0,7 | |
| Resultat før skatt | 1,7 | 0,7 | |
Publisert: 25.05.2023 09:00
Sist oppdatert: 24.05.2023 23:47






