Kort fortalt

Kraftig vekst for norsk laks i Spania

Trass fall i fiskekonsumet.

NPK
12.09.2025

(NPK): Norsk laks opplever ein kraftig vekst i det spanske marknaden, trass i at det totale fiskekonsumet i Spania har gått ned.

I 2015 åt kvar spanjol i gjennomsnitt 26 kilo fisk i året. I 2024 har talet falet med 30 prosent til 18 kilo, samtidig som eksporten av norsk laks til Spania auka frå 65.000 tonn til nesten 82.000 tonn, skriv ilaks.no.

Verdien steig òg frå 2,8 milliardar til over 8 milliardar kroner.

Sjømatutsending Tore Holvik stadfestar til nettavisa at norsk laks er svært populær i Spania.

– Totalt sett, og trass i svingingar, er den norske laksen blant dei artane som klarer seg aller best, enten det er på restaurant eller heime, seier Holvik til ilaks.

Ein rapport frå analyseselskapet Circana viser at talet på sjømatserveringar på ulike matstader auka med 5,4 prosent frå 2023 til 2024. Laks står no for nesten kvar tiande fiskeservering på spanske matstader.

(©NPK)

Publisert: 12.09.2025 12:33

Sist oppdatert: 12.09.2025 12:33

Mer om