NPK-NTB: Eidsvia Energi og Hafslund E-CO er allereie to av dei største kraftselskapa i landet. No vil dei slå seg saman og bli endå større.
Dei to selskapa har underteikna ein intensjonsavtale for å sjå nærare på moglegheita for å slå saman hovudverksemdene i dei to konserna.
- Ei samling vil styrkje evna til å gi utbytte til eigarkommunane og til kontinuerleg forbetring og innovasjon i eit energisystem i rask endring, heiter det i ei felles pressemelding.
Det nye selskapet vil opprette to ny selskap; eit nytt nettselskap som vil få nærare éin million kundar og eit produksjonsselskap som samla vil produsere rundt 16,4 terawattimar.
Det er framleis langt fram til ein endeleg avtale og i månadene framover er selskapa samde om å utarbeide forslag til aksjonæravtalar og vurderingar av kva verdiane i selskapa er.
Denne avtalen skal eigarane ta stilling til før styresmaktene til slutt skal sjå gjennom avtalen, som er avhengig av godkjenning frå styresmaktene for å bli noko av.

Publisert: 15.11.2018 15:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36