Kort fortalt

Krav på 1,7 mill. etter konkurs på Larsnes

Mangelfull rekneskapsføring i restaurantselskap.

07.10.2019
Dei samla krava til buet etter konkursen i selskapet Nur AS, er på meir enn 1,7 millionar kroner, ifølgje .
Tala kjem fram i en rapport til Søre Sunnmøre tingrett frå bustyrar. Selskapet heite tidlegare Naboen Restaurant, men ble før jul i fjor selt for null kroner.
Bustyrar omtalar manglande rekneskapsføring utan oversikt over gjeld og manglande bilag. Krava i buet er mellom anna frå leverandørar av teletenester, straum, skatteetaten og eit bryggeriselskap.
Ifølgje eigaren er det Naboen Group med adresse i Ulsteinvik som har stått for drifta sidan januar i år, og det skal ha vore planar om interiørbutikk på staden.

Publisert: 07.10.2019 09:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32