Kort fortalt

Krev fleire skip i Kystruten

Etterlyser erstatningsskip frå Havila Kystruten.

NPK
18.05.2022

Berre eitt av Havila sine fire skip går i trafikk langs Kystruten. Det gjer at innbyggjarane langs Kystruten, som har vore vande med to faste anløp kvar dag heile året, har fått eit svekt tilbod.

Frå 1. januar 2021 skulle Kystruten bli trafikkert av fire skip frå Havila. I dag er det berre «Havila Castor» som seglar langs kysten, skriv NRK Nordland.

Reiarlaget frå Sunnmøre har vore råka av konkursar, forseinkingar og problem som følgje av korona, som har påverka drifta av Kystruten. I april blei reiarlaget òg ramma av sanksjonane mot Russland, då skipet «Havila Capella» er finansiert av eit russisk leasingselskap.

Stortingspolitikar Mona Fagerås (SV) seier regjeringa må vurdere å setje inn alternativ.

– Tidlegare blei det brukt gamle båar. Det finst sikkert skip som ikkje er i drift på grunn av etterverknadene av koronapandemien som kan bli brukt, seier Fagerås til NRK.

Havila opplyser til Klassekampen at alle fire skipa skal vere i drift før jul.

Dei sju skipa frå Hurtigruten går i trafikk som dei skal.

Publisert: 18.05.2022 12:51

Sist oppdatert: 18.05.2022 12:52

Mer om