Kort fortalt

KrF tangerer botnrekord på ny måling

Raudt er meir enn fire gangar så stort.

NPK
25.02.2022

KrF får skarve 2,4 prosents oppslutning på ei ny meiningsmåling. Berre éin gong tidlegare har partiet gjort det så dårleg. Raudt veks og passerer 10 prosent.

Den einaste gongen KrF har vore så langt nede på Norstats måling for Vårt Land var i mars 2019, etter striden om kva retning og kva side partiet skulle velje.

– Talmaterialet tyder på at KrFs eigne veljarar byrjar å tvile på om partiet er liv laga i norsk politikk. Den sterke lojaliteten frå kjerneveljarar har historisk vore eit merke for KrF. No er den ekstremt låg, seier valforskar Jonas Stein ved Universitetet i Tromsø.

Ei fattig trøyst får vere at partiet er det einaste som ikkje mistar veljarar til Raudt, trass i ein nedgang på 0,7 prosentpoeng sidan målinga i november. Raudt plukkar derimot frå heile resten av spekteret – òg dei blå partia – og går fram 1 prosentpoeng.

Vinnaren er målinga er Arbeidarpartiet, som går fram 2 prosentpoeng til 22,8 prosent. Regjeringsmakker Sp går derimot tilbake 1,3 til 7,5 prosent, medan budsjettpartnar SV går ned marginale 0,2 prosentpoeng til 8,3.

MDG går ned eit prosentpoeng til 3 prosent, medan Venstre aukar med 0,9 og landar på 4,6 prosent. Høgre fell mest og går tilbake 1,7 til 25,4. Frp bevegar seg knapt nok og går ned 0,1 prosentpoeng til 11,3 prosent.

Alle endringane er innanfor feilmarginane på målinga, som vart gjennomført mellom 15. og 20. februar. 952 personar deltok.

Publisert: 25.02.2022 09:06

Sist oppdatert: 25.02.2022 09:07