NPK-NTB: Sjølv om både Høgre, Framstegspartiet og Venstre har sagt nei, vil KrF ta kampen om lakseskatt internt i regjeringa.
Måndag tilrådde lakseskattutvalget at oppdrettarane bør betale meir skatt fordi dei tener pengar på få bruke naturressursane i fellesskapet. Allereie i vår sa landsmøta til Venstre, Frp og Høgre nei til ein slik grunnrenteskatt.
Partia har gjentatt at skatten er uaktuell etter at utvalet kom med innstillinga si. KrF er einaste parti i regjeringa som ønsker skatten velkommen.
– Vi i KrF meiner fleire av regjeringspartnarane våre for tidleg avlyser ein diskusjon om eit eventuelt nytt skattesystem for havbruksnæringa, seier Steinar Reiten (KrF) til .
– Utvalet leverer langt på veg ein tilråding som kjem KrFs føresetnader i møte. Dei tilrår ei avgift til kommunane som vil sikre dei årlege faste inntekter. Det gjer at vi vil vere veldig klare på at denne debatten ikkje skal avlysast for tidleg, seier Reiten vidare.
Fleirtalet i Havbruksskatteutvalget meiner selskapa bør betale 40 prosent skatt av den ekstra avkastinga dei får på grunn av eksklusiv tilgang til felles havressursar. Det kan gi Noreg sju milliardar kroner i inntekter, som utvalet vil fordele mellom staten og havbrukskommunane.
Opposisjonen har stilt spørsmål ved om det heile er ein skinnprosess, sidan regjeringspartia gjekk mot skatten før utvalet hadde konkludert. Finansminister Siv Jensen (Frp) vil ikkje avkrefte at skatten blir innført.
– Det som er viktig for regjeringa, og for meg både som partileiar og finansminister, er å sørgje for at vi har gode og konkurransedyktige vilkår for havbruksnæringa og andre næringar, sa ho til NTB onsdag.

Publisert: 07.11.2019 08:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32