NPK: Krilselskapet Aker Biomarine og Lupus Research Alliance skal saman finne ut om krilolje kan ha smertelindrande effekt for dei som lir av den autoimmune sjukdommen lupus.
Lupus Research Alliance startar gjennom underleverandøren Ampel BioSolutions i haust ein klinisk studie på effektane av krilolje for lupus-lidande. 76 amerikanske lupus-pasientar skal over eit år prøve ut dagleg inntak av krilolje. Aker Biomarine står for finansieringa.
– Vi håper at molekyl frå kril kan ha ein smertelindrande effekt på menneske med lupus og er utruleg stolte over å kunne samarbeide med Lupus Research Alliance. Dei siste seksti åra har det berre vore utvikla éi ny behandling av lupus, og derfor går vi målretta inn i eit forsøk på å gjere kvardagen lettare for dei som er ramma av sjukdommen, seier administrerande direktør Matts Johansen i Aker Biomarine i ei pressemelding.
På verdsbasis lir om lag fem millionar menneske av den kroniske og ulækjelege sjukdommen, som fører til betennelsar, hevelsar, trøyttleik og hudutslett og skadar på ledd, hud, nyrer, blod, hjarte og lunger.

Publisert: 30.08.2018 14:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37