Kort fortalt

Krisemøte i Ålesund måndag

Kommunen vurderer tiltak.

Marius Rosbach
26.04.2021

Kriseleiinga i Ålesund har måndag møte for å avgjere om det skal innførast nye koronatiltak i kommunen.

Kommunikasjonsstaben opplyser at dei har tett dialog med Folkehelseinstituttet (FHI) og statsforvaltaren om kva tiltak som kan settast i verk.

Søndag fekk kommunen meldt inn 14 nye smittetilfelle, der minst ni kan relaterast til utbrotet ved utestaden Toldboden, melder Ålesund kommune.

To av dei tilsette ved Toldboden er smitta, og det same er ein tilsett ved Dråpen Kaffehus og ein lærar ved Flisnes skule. Også to tilsette i Sunnmørsposten-redaksjonen er smitta, opplyste avisa søndag.

- Svært mange har no vore smitta og det er ein uoversiktleg situasjon i Ålesund, fortel kommuneoverlege Olav Mestad i ei melding på nettsidene til kommunen og ber folk vere merksame på symptom.

Sidan torsdag har over 40 personar testa positivt for korona i Ålesund. Dei fleste av desse er relaterte til besøk i restaurantane Anno og Toldboden.

I tillegg har ein tilsett ved Dråpe Kaffehus fått påvist smitte, og kommunen ber no alle som har vore innom, om å vere merksame på symptom.

Publisert: 26.04.2021 07:28

Sist oppdatert: 26.04.2021 09:31

Mer om
Annonsørinnhold