NPK: Eit nytt EU-krav til banknæringa kan strupe småbankane i distrikta, meiner lokalbankane.
Saka dreier seg om siste rest av EUs kapitalkrav til bankane. Det inneber at bankane får større krav til eigenkapital. Men samtidig får dei store bankane ei lette, som Finansdepartementet foreslår blir vege opp av eit auka kapitalkrav til alle bankane, skriv Dagens Næringsliv.
I praksis betyr det at småbankane endar opp med høgare krav til eigenkapital enn dei store.
– Vi blir straffa for ei lette vi ikkje får. Forslaget som ligg der er direkte urimeleg og distriktsfiendtleg. Det kan føre til meir sentralisering og færre arbeidsplassar lokalt, seier Hege Toft-Karlsen, konsernsjef i Eika Gruppen til DN. Gruppa består av 66 bankar over heile landet.
Lokalbankane risikerer å måtte redusere utlånskapasiteten til lokalt næringsliv med mellom åtte og ni milliardar kroner, eller med rundt 20 milliardar kroner til bustadlån, ifølgje Eika Gruppen.
Forslaget til departementet overraskar også bankanalytikarar.
– Vi er overraska over at dei små og mellomstore bankane kjem såpass dårleg ut her. Desse bankane får ein reell skjerping i kapitalkravet. Effekten av forslaget er at dei ni største bankane kan ha mykje mindre eigenkapital, spesielt bak bustadlån. Sånn sett er dette forslaget konkurransevridande, seier bankanalytikar Nils Christian Øyen i Sparebank 1 Markets til avisa.
– Vi har 122 bankar i Noreg. Alle, bortsett frå dei ni største, kjem dårlegare ut. Eit fleirtal av bankane får ei så stor ulempe at vi er spent på om forslaget går gjennom, legg han til.
Finansdepartementet viser til høyringsfristen og at dei allereie har takka ja til separate møte med fleire av bankane som er råka.
– Basert på møta Finansdepartementet har hatt med råka aktørar og innspela som har komme inn gjennom høyringa, vil departementet fastsette nye kapitalkrav for bankane, skriv Helene Megaard, kommunikasjonsrådgivar i departementet, til Dagens Næringsliv.

Publisert: 06.09.2019 16:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32