Kort fortalt

Kulturminne står mot nybygging

- Kor mange kokegroper er det viktig å bevare?

NPK
19.05.2021

Bygge nytt eller ta vare på gamle kulturminne, det er spørsmålet i Gloppen. Same dilemma er det i mange andre kommunar.

Då planen for «Austrheimstunet Bustadfelt» med opp til seks nye bustader vart lagt ut på høyring nyleg, svara Vestland fylkeskommune i ei fråsegn at ei utbygging av området til bustadføremål vil vere eit stort tap, med bakgrunn i den markante kulturhistorisk verdi som dette området inneheld, skriv NRK.

Fagleiar Eva Katrine Ritland Taule som har signert fråsegna, viser til at området har vore ein del av eit gammalt «klyngetun»; og at det «sør for tunet ligg ein gravhaug frå eldre jarnalder». Fylkeskommunen meiner difor området har stort potensial for funn av «automatisk freda kulturminne».

Leidulf Gloppestad (Sp), ordførar i Gloppen er oppgitt og viser til at fylkeskommunen har hatt høve til å ytre seg i tidlegare rundar, mellom anna i arbeidet med kulturminneplanen til kommunen.

– Kor mange kokegroper er det viktig at vi bevarer? (...) Eg opplever at vi i praksis er utan handlingsrom, seier han til NRK.

Direktør Marit L. Mellingen ved Distriktssenteret seier at mange kommunar kan kjenne seg att i problemstillinga.

– Mange distriktskommunar opplever det krevjande å finne balansen mellom vern og det å utnytte verdiane til å skape utvikling, seier ho til NRK.

Publisert: 19.05.2021 17:34

Sist oppdatert: 19.05.2021 17:36

Mer om