Kort fortalt

Kuttar i elavgifta

16 år sidan siste reduksjon.

08.10.2018
NPK-NTB: Regjeringa går inn for å kutte elavgifta med 650 millionar. Avgifta blir redusert for første gong på 16 år, melder Nettavisen.
Avgifta bidrog med over 10 milliardar kroner i inntekter i fjor og har vore innbringande for regjeringa sidan ho vart innført i 1951.
No blir avgifta kutta med 650 millionar kroner, og ho blir redusert for første gong på 16 år. Ifølgje Energi Noreg har avgifta bidratt med 14 milliardar kroner, og avgifta har auka med 60 prosent dei siste ti åra. Bransjen har fleire gonger spurt etter ein reduksjon i elavgifta.
I fjor vart elavgifta auka til 16,58 prosent per kilowatt.

Publisert: 08.10.2018 13:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37