(NPK): Store flokkar med spekkhoggarar og knølkval gjer sildefisket vanskeleg. Fiskarar opplever høg risiko for å få kval i nota, noko som kan skade både båt, mannskap og utstyr, skriv NRK.
Dagleg leiar Rita Sævik i reiarlaget Ervik & Sævik meiner situasjonen har forverra seg dei siste åra.
– Det har blitt eit kjempeproblem for oss fordi mengda av kval i sjøen har auka såpass mykje at det har blitt vanskeleg for oss å utøve eit forsvarleg og effektivt fiske, seier Herøy-reiaren til NRK.
Fiskerinæringa meiner at kval og sel årleg et langt meir sjømat enn det som blir fiska. Fleire etterlyser betre forvaltning og meir kunnskap om korleis bestandane påverkar økosystemet. Samstundes er det internasjonal motstand mot kvalfangst, og i Noreg er det berre lov å fange vågekval.
Forskarane slår fast at det har blitt meir spekkhoggarar og knølkval i fjordane. Dei har sett i gang eit prosjekt med lydsignal for å skremme kvalane vekk frå båtane.
Forskar ved Havforskingsinstituttet, Erik Martin Biuw, meiner det handlar om endra konsentrasjon, ikkje større totalbestand.
– Det må skytast enorme mengder i så fall for at det skal ha effekt. Så det er eigentleg heilt urealistisk å tru at ein kan skyte kval for å få meir fisk, seier Bluw til allmennkringkastaren.
(©NPK)
Publisert: 02.03.2026 12:44
Sist oppdatert: 02.03.2026 12:44






