Kvalfangsten starta i år 1. april, og kvoten i år er på 1.278 vågekval, det same som i fjor. No er åtte båtar i gang med kvalfangstsesongen.
Fangstrapporten frå veke 19 (10.-16- mai) viser at det fram til da var fanga 141 dyr. Av totalt 13 påmelde båtar er det åtte båtar som no er i gang med fangsten, skriv Fiskeribladet.
Dei største fangstane blir tatt i Finnmark, der fleire båtar har opna sesongen i år. Fangsttala fram til no i år er betydeleg høgare enn same periode i fjor, fortel salskonsulent Markus Friis i Norges Råfisklag.
– I 2020 var det per veke 19 fanga 57 kval, og seks fartøy i fangst, seier Friis til Fiskeribladet.
Totalt i fjor vart det tatt 503 kvalar, noko som er det høgaste talet på mange år. I Noreg er det berre vågekval det blir fangsta på.
<p>(©NPK)</p>
Publisert: 20.05.2021 10:12
Sist oppdatert: 20.05.2021 10:12