Kort fortalt

Kvar fjerde nye bil er elbil

Kraftig fall for dieselbilar.

03.05.2018
NPK-NTB: Bilsalet auka med 24 prosent frå april i fjor til same månad i år. No utgjer nullutsleppsbilane ein firedel av alle nye personbilar.
Til saman vart det registrert 14.055 nye personbilar førre månad. Men også bruktbilsalet og bruktimporten auka betydeleg. 40.210 bilar skifta eigar i april – ein oppgang på heile 28,6 prosent frå same månad i fjor, mens 1.723 bilar vart bruktimporterte – ein auke på 25,1 prosent.
Samtidig viser tala frå at det gjennomsnittlege CO2-utsleppet for alle førstegongsregistrerte nye personbilar på eitt år har falle med 14 gram per kilometer til 79 gram.
Delen nye dieselbilar har fall kraftig, frå 29,5 prosent i april i fjor til 19,3 prosent i år. For bilar med bensinmotor fall marknadsdelen frå 28,3 til 26,1 prosent.
Samtidig vart det selt over 1.000 fleire nye bilar med hybriddrift, opp 32,4 prosent. For reine nullutsleppsbilar var det meir enn ei fordobling – frå ein oppgang i nyregistreringar med 111,3 prosent – frå 1.687 i april i fjor til 3.566 førre månad. Bilane som ikkje slepper ut CO2 har no ein marknadsdel på 25,4 prosent.

Publisert: 03.05.2018 08:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39