NPK-NTB: Kvinnelege fiskarar kan no ta ei lengre yrkespause i samband med fødsel, utan at dei mister rettar som fiskarar, har Fiskeridepartementet bestemt.
Nærings- og fiskeridepartementet sine nye reglar er laga for å legge til rette for betre for kvinnelege fiskarar. Regelen inneber at kvinnelege fiskarar både kan ta pause under heile svangerskapet og i ein ammeperiode på minst to år etter fødselen.
– Dei siste åra har talet på kvinnelege fiskarar i Noreg auka. Då kan vi ikkje ha reglar som står i vegen for at kvinner søkjer mot den viktigaste framtidsnæringa vi har, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).
Reglane inneber også at kvinnelege heiltidsfiskarar skal bli ståande på blad B i fiskarmanntalet frå dei blir gravide og fram til utgangen av det andre kalenderåret etter fødselen. Det vil seie at om ei kvinne føder i november i år, blir ho ståande på blad B ut 2020. Blad B er personar som har fiske eller fangst som hovudnæring.
Nærings- og fiskeridepartementet opplyser at dei legger opp til at Fiskeridirektoratets høyring av deltakarforskrifta i 2019 drøfter om tilsvarande endringar bør gjerast for mannlege fiskarar i foreldrepermisjon, og for foreldre med sjuke barn.

Publisert: 29.08.2018 14:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37